Eide/Eidegrend:
Eide ligg midt i Hålandsdalen, på eidet mellom Gjønavatnet og Skogseidvatnet. På 1800-1900-talet var Hålandsdalen eigen kommune med Eidegrend som kommunesentrum.
Kyrkja som på den tida hadde ei viktig rolle låg på Holdhus, ca 3 km frå Eidegrend. Gamlekyrkja på Holdhus er ei langkyrkje frå 1306 . Kyrkja vart omfattande ombygd i 1725 og påbygd i 1836 .
Holdhus kyrkje er den einaste bevarte tømmerkyrkja fra 1600-tallet i Hordaland. Den er fortsatt i bruk.
I 1881 kom det ei ny lov med pålegg om at kyrkja skulle ha plass til alle innbyggjarane i kommunen. Dette resulterte i at kyrkja vart for liten og ny kyrkje vart bygd på Eide i 1890.
Med ny kyrkje på plass vart Eide ny kyrkjestad i Hålandsdalen.
Det var yrande liv på Eidegrend i den tida! Det var mange prosjekt og fleire viktige samfunnoppgåver vart etablert på Eidegrend.
Utifrå årstala nedanfor så er det imponerande å sjå kor kort tid det gjekk frå lova om større kyrkje kom i 1881 til kyrkja på Eide sto ferdig i 1890 – 9 år etter. Ny veg vart bygd for å kunne ta imot besøkjande til kyrkja.
For å illustrere alt som skjedde på Eidegrend frå byrjinga av 1900-talet trengs det ei aldri så liten oppramsing
Ny veg til Holdhus
1889.
Ny kyrkje på Eide
1890
Ny veg til Øvre Hålandsdal
1914
Dei «offentlige» etatane var også på full fart inn i det yrande samfunnet:
Båthavn i Eidestøa
1890
Landhandel i Eidestøa
1890 – ny butikk i 1901
Postkontor/Brevhus Eidegrend
1900
Bibliotek Eidegrend
1901
Kommunemøter i Eidestøa
1903-1948
Jordmor i Eidestøa
1905
Trygdekasse (NAV)
1920
Likningskontor
1921
Telefonstasjon
1938
Ingebrigt Eide var ein sentral person både på Eidegrend og Hålandsdalen kommune i mange år.
Han var militærmann, gardbrukar og ordførar i to periodar – tilsaman 28 år.
Han har fortsatt rekorden som lengstsitjande ordførar i denne regionen.
Han var ordførar i perioden
1931 - 1947
1952 - 1963
I tillegg var han trygdekassestyrar
1920 – 1931
Ligningssekretær
1921 - 1928