Tidspunkt kjem seinare
|Sted er ikke bestemt enda
Guidet tur


Tid og sted
Tidspunkt kjem seinare
Sted er ikke bestemt enda
Om arrangementet
Denne flotte og spektakulære turen følgjer delvis ein gamal ferdsleveg mellom Øvre Hålandsdalen og Strandebarm over Bergsenden.
Denne historiske vegen vart nytta til handelsturar, postombering, konfirmasjonsførebuing, turistferdsle, yrkesærend og personlege ærend. Det var vanleg å gå denne vegen frå Hålandsdalen for å handla i butikken på Bru.
Før dampskipsferdsla i 1870-åra var dette den raskaste vegen til Bergen frå Strandebarm.
Sist, men ikkje minst så var det denne vegen Anders Eide måtte gå for å henta lege i Strandebarm. Kona låg i barsel med tvillingar. På det tidspunkt han gjekk så var ikkje stegen satt opp. Han måtte gå rundt v/Bergsenden.
Turen er krevjande og vi skal gå opp bratte heng ved hjelp av stegen som er markert med pil.
Lengde på turen: 14,7
Tid: 3-4 timar
Tidsplan
11:00 Oppmøte ved parkering på Nedre Bolstad – parkering er merka
12:30 Lunsj
15:30 Buss hentar ved ankomst Bru i Strandebarm
17:00 Servering av suppe på låven i Eidegrend Klyngjetun
Hugs å ta med klebyte slik at de kan vera med på låven etter turen.
Pris: kr 950,-