Tidspunkt kjem seinare
|Eidegrend Klyngjetun- Holdhusvegen 529
Flatbrødbaking i eldhuset
Opplev ein bakstedag i eldhuset 6-8 Personer


Tid og sted
Tidspunkt kjem seinare
Eidegrend Klyngjetun- Holdhusvegen 529, Hålandsdalen
Om arrangementet
Det har vore baka flatbrød i eldhuset på Eidegrend i alle tider. Det ei spesiell oppleving ja nesten litt magisk å sitja i desse historiske lokala og nyta freden og roen samtidig som kjevlet rullar og mjølet fyk rundt lefsene på bordet.
Det kjennes ikkje som ein gjer eit arbeid når praten går lett om alt og ingenting rundt bakstebordet.
Flatbrød kan brukast til både kvardag og fest som tilbehør til mange gode rettar. Har ein i tillegg ein liten smørklatt på så er det ikkje behov for noko attåt.
Vi har så lyst å dele denne gode kulturopplevelsen og magien med flatbrødbaking med fleire og arrangerer derfor bakstekveld i eldhuset. Det er deltakarane som sjølv baker og steikjer flatbrøda.
17:00 Velkommen
17:15 Informasjon om deigen og "bakste-emnene"
* Alle kjevler ut flatbrød
18:30 Vi tar ein liten matpause og smaker på det vi har produsert
* Flatbrød med litt tilbehør og ein presentasjonsrunde
19:00 Vi fortsett med kjevling og steiking
20:00 Vi drikk ein kopp te og tar ein gjennomgang om dagens bakst
21:00 Avslutning
* De får med smaksprøvar heim
Pris pp kr 1.250,-
Det er plass til 6-8 personar.
Minimum 4 personar for at bakingen blir gjennomført.