Tid er ikke bestemt enda | Holdhusvegen 529

Flatbrødbaking

Opplev ein bakstedag i bakstehuset/eldhuset 6-8 Personer
Flatbrødbaking

Tid og sted

Tid er ikke bestemt enda
Holdhusvegen 529, Holdhusvegen 530, 5640 Eikelandsosen, Norge

Om arrangementet

Det har vore baka flatbrød i eldhuset på Eidegrend  i alle tider. Det ei spesiell oppleving ja nesten litt magisk å sitja i desse historiske lokala og nyta freden og roen samtidig som kjevlet rullar og mjølet fyk rundt lefsene på bordet.

Det kjennes ikkje som ein gjer eit arbeid når praten går lett om alt og ingenting rundt bakstebordet.

Flatbrød kan brukast til både kvardag og fest som tilbehør til mange gode rettar. Har ein i tillegg ein liten smørklatt på så er det ikkje behov for noko attåt.

Vi har så lyst å dele denne gode kulturopplevelsen og magien med flatbrødbaking med fleire og arrangerer derfor bakstekveld i eldhuset. Det er deltakarane som sjølv baker og steikjer flatbrøda.

17:00 Velkommen

17:15 Informasjon om deigen og "bakste-emnene"

* Alle kjevler ut flatbrød

19:00  Vi tar ein liten matpause og smaker på det vi har produsert. Flatbrød med litt tilbehør

19:30 Vi fortsett med kjevling og steiking til alle leivene er ferdigstekt

20:00 Avslutning

* De får med smaksprøvar heim

Pris pp kr 750,-

Det er plass til 6-8 personar.

Minimum 4 personar for at bakingen blir gjennomført. 

Vi er opptatt av at smittervernhensyn ifm. Covid-19 blir overholdt

Dele dette arrangementet