EIDEGREND 

Klyngjetun

Eidegrend Klyngjetun var opprinnelig klyngjetun med to bruk. Todelinga går tilbake til 1600-talet.

 

Teikninga viser tunet slik det såg ut i 1880. Då stod det 17 hus på bruket. De to brukene er kalla opp etter de gamle karane som budde på tunet. «Andersbruket» etter Anders og «Johanebruket» etter Johan. 

 

Det var eigne hus til dei fleste funksjonar: Stovehus, eldhus, stabbur samt eitt hus til kvart dyreslag. På denne bakgrunn vart det mange hus på bruket. 

 

Ca 1880-1890 vart det bygd nye løer/driftsbygningar med god plass til dyr og redskap, fleire hus vart rivne. No er det ca 7 hus igjen på tunet inklusiv løa.

ANDERSSTOVA

Andersstova er fra 1855. Dei siste som budde i Andersstova var Herborg og Knut Eide. 

 

Dei fekk 10 born, fem av borna levde opp. I 1895 fekk dei tvillinger som var fødde med to dagars mellomrom, 19. og 21. oktober.

 

Dei måtte gå postvegen over fjellet til Strandebarm for å henta lege. Dette er ein krevjande og lang tur på om lag 10 km.  

 

Legen kom frå Strandebarm og redda både mor og barn. Tvillingane levde til dei begge var over 90 år.